Kvifor Enspire læreplan?


Grunngjeving for val av EnSpire læreplanen
(sist oppdatert 31.01.2019)
Vi viser til Lov om frittståande skular (Friskolelova) av 04.06.2003, sist endra 22.06.2018.
Fresvik EnSpire skule AS søkjer om godkjenning av friskule etter § 2-1 med drift etter
grunnlag i pkt. i, særskild profil. Vi søkjer om godkjenning som profilskule på grunnlag retta
mot eit fag eller emne, og har valt emnet Entreprenørskap.
Vi vil fylgja ein læreplan som er særskild bygd for dette. Læreplanen er utvikla av Neverdal
EnSpire skole AS, og vart godkjent av Utdanningsdirektoratet i 2016 som den første friskulen
med godkjent læreplan for barnetrinn etter særskilt profil. Seinare er også Rennebu EnSpire
skule godkjent etter same profil.
Læreplanen EnSpire har ein eigen generell del, samt læringsmåla i dei enkelte fag. Planen er
vesentleg annleis enn læreplanen for den offentlege skulen. Spesielt kjem dette til uttrykk
gjennom den generelle delen, og ei anna fag- og timefordeling, der det er sett av tid til
tverrfagleg entreprenørielt arbeid. I tillegg har læreplanen ei sjette grunnleggjande
ferdigheit, Entreprenørskap, som er konkretisert og synleggjort i alle fag. Det er også
utarbeidd ein emneplan med målsetjingar og metodebeskriving som dekkjer den generelle
delen av læreplanen på ein meir forpliktande måte enn i den offentlege skulen.
Opplæringa etter læreplanen EnSpire skal vera meir praktisk retta enn i den offentlege
skulen. Eit sentralt mål er at elevane skal vera aktørar i si eiga læring. Det vil seia at elevane
skal læra gjennom å prøva og feila, tenkja sjølve, utforska og søkja kunnskap. Elevane skal
tileigna seg kunnskap gjennom arbeid med reelle problemstillingar i tett samarbeid med
andre elevar og ressursar i nærmiljøet. På den måten blir det skapt grunnlag for «livslang
læring», der personlege eigenskapar som kreativitet, risikovilje, initiativ og samarbeidsevner
vil stå i fokus. At læringa også på den måten blir meir motiverande og inspirerande for
elevane, er viktige moment i lærings- og danningsprosessar.
Stiftarane av Fresvik EnSpire skule AS har stor tru på den positive krafta som ligg i det å læra
og utvikla seg som menneske i trygge, kjende rammer med utgangspunkt i dei ressursane
barna har kring seg. Ein slik skule kan vidare skapa ungdom og vaksne som har evne til å sjå
moglegheiter og potensial med utgangspunkt i eige nærmiljø.

Då vi som står bak denne søknaden oppdaga dei nystarta EnSpireskulane, og sette oss inn i
deira profil og læreplan, såg vi at den passa svært godt med vårt syn og ynske for skulen. Vi
har difor oppretta eit samarbeid med desse skulane, og dei er villige til å dela sine erfaringar
med oss. Vi har fått kjøpa den gjennomarbeidde læreplanen for EnSpire skular, og
rettigheiter til å nytta den i eigen søknad om friskule. Vi legg denne, tidlegare godkjente
læreplanen, i sin heilskap til grunn for vår søknad.

Skulen vil krevja formell kompetanse til undervisningspersonalet lik den offentlege skulen. I
tillegg vil det ved tilsetjing bli lagt vekt på at undervisningspersonalet deler skulen sitt
læringssyn og har evner og interesse av å driva med entreprenørielle læringsaktivitetar.
Vårt syn på skulen si oppgåve og formål.
Den nederlandske utdanningsforskaren Gert Biesta meiner at det ofte blir snakka for einsidig
om læring. Han meiner at god utdanning inneheld minst tre element:
Kvalifisering, sosialisering og subjektivering.
Kvalifisering handlar om å tileigna seg kunnskapar og ferdigheiter som kvalifiserer til
deltaking i samfunns- og arbeidsliv.
Sosialisering handlar om å bli ein del av eit fellesskap og eit samfunn, fremja integrering og
evne til kommunikasjon med andre.
Subjektivering handlar om å styrka barna sin subjektivitet. Barn og unge er noko i seg sjølv,
og læring og fag må fremjast gjennom eit innhald som barn og unge finn meining i. Innhaldet
må finna gjenklang i deira liv og erfaringar.
Når Fresvik EnSpire skule ynskjer å framstå som entreprenøriell skule, betyr det at vi ynskjer
å leggja vekt på alle dei tre elementa. Dette ser vi på som skulen sitt vide, heilskaplege
oppdrag.
Vi vil gje elevane ei kvalitetsmessig god fagleg opplæring som kvalifiserer dei for vidare
skulegang og deltaking i samfunns- og arbeidsliv. Her vil evna til samhandling,
omstillingsevne, problemløysing, innovasjon og kreativitet stå som sentrale verdiar. I tillegg
ynskjer vi å førebu elevane på å kunna sjå mogelegheiter for sjølve å kunna skapa sin eigen
arbeidsplass og til å vera verdiskapande i eiga verksemd.
Når det gjeld sosialiseringsaspektet, ynskjer vi å gi elevane gode relasjonar til medelevar,
lærarar og til det sosiale livet utanfor skulen. Gjennom å knyta skulen si verksemd tett opp til
lokalt arbeids- og samfunnsliv, vil vi ha fokus på ulike sosialiseringsarenaer.
Subjektivitetsperspektivet vil stå sentralt gjennom skulen si målsetjing om å sjå den enkelte
og gi kvar elev mogelegheit til å kunna prøva ut og flytta eigne grenser. Det handlar om å
prøva og feila, risikovilje, om å utvikla vågemot til å bli aktør i eige liv. Dette meiner vi vil
gjera elevane meir sjølvstendige, styrka sjølvkjensla, gi dei meistringstru og tru på eigen
verdi.
Entreprenørskapsopplæringa forutset eit nært samarbeid mellom skulen og lokalt nærings-
og samfunnsliv. Elevane utviklar eigen identitet og tilhøyrigheit gjennom god kjennskap til
heimstaden sin eigenart. Vi vil gi elevane forståing for kulturelle og økonomiske ressursar i
lokalsamfunnet gjennom elevbedrifter og partnerskapsavtalar. Dette vil i neste omgang
kunna gjera dei i stand til å sjå mogelegheiter og eventuelt kunna skapa sin eigen
arbeidsplass.
Vi meiner at den tradisjonelle skulen si utfordring er at elevane møter lærelystne og klare for
skulen, men blir raskt sette i eit system som har liten plass for mangfald og kreativitet. Livet er ikkje fagdelt, og difor må det vera rom for ein timeplan der ikkje alle timar er inndelte i
fag. Vi vil leggja vekt på initiativ, nysgjerrigheit og utforskartrong, Vi vil også gi elevane betre
sjølvinnsikt og medverknad gjennom eigenvurdering knytt til oppsette mål.

Lokalsamfunnet Fresvik
Fresvik ligg i Vik kommune ved Sognefjorden, og har ca. 200 innbyggjarar.
Fresvik har gjennom mange år utvikla sterke institusjonar, mellom anna eit velfungerande
bygdalag og historielag, som er med på å byggja samkjensle og felles identitet. Som
utkantbygd har dei kjende trugsmåla gjort seg gjeldande, slik som fråflytting med
påfølgjande skeiv demografi. Som motkraft har bygda utvikla sterke samarbeidsrelasjonar
og innbyggjarane har inspirert kvarandre med stå-på-vilje og innovasjonskraft. Innanfor
landbruket, særleg på området frukt- og bærproduksjon, framstår Fresvik med produksjon i
fremste rekkje.
Bygda si hjørnesteinsbedrift er utvikla med utgangspunkt i behov sett i bærproduksjon.
Fresvik Produkt, med sine 40-50 arbeidsplassar, produserer kjøleelement til
næringsmiddelindustrien og byggjer fryse- og kjølerom etter mål. Her jobbar både
fastbuande og pendlarar i lag. Bygda har eit aktivt kulturliv med idrettslag, korps, 4H-klubb
og eigen musikkfestival. I tillegg til å vera ei jordbruksbygd med frukt-, bærproduksjon og
dyrehald, har bygda butikk, gjestehus, kyrkje. Det er naturleg for skulen å samarbeida med
både dei frivillige og dei kommersielle aktørane.
Fresvik har ein mektig natur som for mange er utgangspunkt for sport og friluftsliv, og som
det vil være naturlig å bruka aktivt i skulesamanheng.

Fresvik ligg på sørsida av Sognefjorden. Kommunikasjonsmessig ligg bygda utfordrande til, inst langs fylkesveg 180, som er ein smal,
svingete og rasfarleg veg. Dette bidreg truleg til det sterke samhaldet i bygda og gir eit godt
grunnlag for samarbeid om å etablera ein EnSpire-skule, godt forankra i lokalmiljøet.
Bygda ligg ved enden på vegen austover langs fjorden frå ferjeleiet Vangsnes.
Fresvik har store delar av sine utmarksareal innanfor verdsarvområdet Vestnorsk
fjordlandskap Nærøyfjorden. Nærøyfjorden Verdsarvpark er ein aktiv aktør som og arbeider
opp mot skuleborn. Verdsarvområdet tilbyr framifrå rammer til å læra om stadeigen natur
og kultur, verdsett av heile verda. Vik kommunen sine viktigaste innfallsportar til
verdsarvområdet, både sommar og vinter, ligg i Fresvik. Bygda har eit stort potensial
innanfor reiselivsnæringa og kan vera ein læringsarena for å skapa opplevingar basert på
kultur og natur.
Fresvik er eit fleirkulturelt samfunn med innbyggjarar med bakgrunn frå fleire ulike land. I
Fresvik er det tette band mellom generasjonane, noko som er ein viktig ressurs i elevane si
kunnskaps- og identitetsutvikling.
Skulen i Fresvik har nokre tradisjonar som har vore positive. Desse kan vi ta vare på og få
rom for å vidareutvikla gjennom entreprenørskap som særskild profil, mellom anna
skuleprosjekt med utgangspunkt i lokalhistorie, natur, kulturminne og kulturlandskap. Det
finst konkret prosjekterfaring og gode idear som kan koma til nytte i praktisk undervisning.
Me ynskjer at skulen skal fylla ei rolle som aktør i bygda. Vi meiner at også bygda som
fellesskap kan ha utbytte av skulen, til dømes gjennom dokumentasjon av kulturhistorie,
ivaretaking av kulturminne og landskapsverdiar, inspirasjon og kreativitet for bedriftene,
samvær med eldre og aktiv deltaking i opne arrangement. Elevane bør få presentera arbeidet sitt, og resultata dei har kome fram til, for andre medlemmer av lokalsamfunnet.
Det gir elevane meistringskjensle og inspirasjon og positivitet både til bygdefolket og
elevane. Eit slikt samspel vil styrka barna sin identitet, stoltheit over og kjærleik til
heimplassen, og slik auka sjansane for at nokre etablerer seg her som vaksne.

Konklusjon
Vi vil no styrka skulen som lokalsamfunnsaktør og satsa på entrepenørskap som eit
virkemiddel for å møta framtida. Strukturane i Fresvik ligg godt til rette for å bruka
nærmiljøet aktivt i undervisninga. Vi vil at skulen skal vera ein katalysator for utvikling og
vekst i samspel med eit integrert lokalsamfunn, og vi trur at ein friskule vil gi oss større
handlingsrom i dette arbeidet.

Vi ynskjer at Fresvik EnSpire skule skal framstå som ein framtidsretta skule som legg vekt på
djupnelæring, tverrfagleg opplæring og utvikling av elevane sine personlege ferdigheiter.
Vidare trur vi at opprettinga av EnSpire-skular fleire stader i landet vil vera med å påverka
også den offentlege skulen når det gjeld bruk av pedagogisk entreprenørskap. I Fresvik vil vi
gjerne vera med på dette, då EnSpire sin læreplan passar godt med vårt syn på korleis ein
skule skal drivast.