Om oss

Kort informasjon om Fresvik EnSpire skule:
  • Fresvik EnSpire skule har fått godkjenning av Utdanningsdepartementet til å driva

skule i Fresvik, 1. – 7. trinn.

  • Læreplanen til EnSpire skulane er svært lik læreplanen for den offentlege skulen.

Elevane vil arbeida mot dei same faglege måla, ha dei same prøvane og dei same faglege vurderingane som i den offentlege skulen.

  • Den største skilnaden mellom dei to læreplanane er at læreplanen for EnSpire skulane legg endå meir vekt på læring gjennom praktisk/kreativ erfaring, der samhandling med lokalt nærings- og samfunnsliv vil vera viktig.
  • Vik kommune har vedteke at Fresvik EnSpire skule skal få leiga skulebygningen i Fresvik.
  • Vi er i gang med å lysa ut stillingar og føreta tilsetjingar av rektor og lærarar.
  • Sidan Fresvik EnSpire skule er ein friskule, må foreldra søka om plass ved skulen. Vi delar difor ut søknadsskjema til alle foreldre til elevar i skulepliktig alder. Søknadsskjema vil også bli lagt på skulen si heimeside.
  • Skulen er gratis, og det vil ikkje bli kravd foreldrebetaling.

Skulen mottek statsstønad som i den offentlege skulen.

  • Alle elevar i Norge, både i offentleg skule og i friskular, er beskytta av Opplæringslova og andre lover. Det vil seia at dei har krav på dei same rettane. Difor blir det ført tilsyn med alle skular, både friskular og dei offentlege skulane.
  • Alle elevar har rett til å gå i offentleg skule, men sidan det ikkje lenger vil vera offentleg skule i Fresvik og elevane frå hausten må reisa til Feios, vil vi arbeida for at Fresvik EnSpire skule skal vera eit godt alternativ, og ein god og framtidsrette skule for elevane i Fresvik.

 

Har de spørsmål som de lurer på, ta kontakt med styreleiar Bjørg Fritsvold, tlf. 95848870      e-post: bfritsvo@gmail.com