Ordensreglement


Ordensreglement for Fresvik EnSpire skule AS

Opplæringsloven §2-9 og §2-10.
Friskoleloven §3-9 og 3-10.
Skadeerstatningsloven §1-1 og §1-2.

Målsetjing:

Ordensreglane skal vera eit hjelpemiddel til å organisera skulesamfunnet, slik at skulen blir
ein trygg arbeidsplass for elevar og tilsette. Alle medlemene i skulesamfunnet må sjølve ta
ansvar for eigne handlingar, slik at ein saman når denne målsetjinga.
Skulane har ansvar for elevane i undervisning, arrangement og ekskursjonar med meir der elevane
er under skulen si leiing. Dette inneber at ordensreglementet gjeld i alle typar
undervisningslokale, fellesrom og uteareal, på skulevegen, under skuleskyss og når elevane har
undervisning andre stader enn på skulen sitt område, for eksempel i prosjekt, leirskule og
studieturar.

Når det gjeld kva tiltak som som kan nyttast mot elevar som bryt ordensreglementet, seier
Friskulelova, § 3-9, punkt 2 mellom anna følgjande: «Skolen kan berre nytte tiltak som er fastsette
i ordensreglementet.»

ME TRIVST NÅR:
▪ Alle blir møtte med respekt, omtanke, og tek omsyn til kvarandre.
▪ Alle får ros, oppmuntring, rettleing og grensesetjing.
▪ Alle tek ansvar for seg sjølve og det dei skal gjera.
▪ Alle får arbeidsro.
▪ Alle ryddar etter seg.
▪ Alle blir verna mot mobbing 2 og plaging.
▪ Ingen blir haldne utanfor.

DIFOR SKAL ALLE:
▪ Visa fin oppførsel i skuletida og på veg til og frå skulen.
▪ Møta presis.
▪ Vera høflege mot kvarandre og gje kvarandre arbeidsro.
▪ Ta vare på skulesakene sine.
▪ Halda ro og orden i klasserom, garderobar og korridorar.
▪ Behandla det me låner på ein forsiktig måte.
▪ Melda frå når nokon blir erta eller plaga.
▪ Utføra dei aktuelle aktivitetane på tilviste område.
▪ Ta ansvar for naturen rundt oss.

DET ER IKKJE TILLATE:
▪ Å plaga eller mobba andre.
▪ Å utøva vald.
▪ Å forlata skulen sitt område.
▪ Å øydeleggja skulen sitt utstyr og inventar.
▪ Å ha med farlege gjenstandar eller ting som uroar undervisninga.
▪ Å røykja eller bruka andre rusmiddel.

REGLAR FOR MOBILTELEFON:
▪ Mobiltelefonen skal vera avslegen på skulen sitt område og liggja i sekken.
▪ Har eleven behov for å ringja, skal skulen sine telefonar nyttast.

Brot på reglementet for mobil fører til:
Første gong: Det blir gjeve åtvaring til eleven.
Andre gong: Mobiltelefonen blir teken frå eleven og blir ikkje levert attende før ved slutten av
skuledagen.
Tredje gong: Foreldra blir varsla.

BRUK AV PC OG INTERNETT:
▪ PC-bruk skal berre gå føre seg i samband med undervisningsoppgåver.
▪ PC skal berre brukast når vaksne er til stades.
▪ Dersom elevane går inn på nettsider, internettenesta MSN eller anna som dei ikkje har
lov til, misser dei retten til å bruka PC for ein periode: ei veke første gong, to veker
andre gong.

FOTOGRAFERING:
▪ Det er ikkje tillate å bruka privat kamera. Skulen sitt kamera skal nyttast.
▪ Det er ikkje lov å leggja ut bilete av elevar på nett eller Facebook utan at elevar og
foreldre er spurde om det, og har gjeve samtykke.
▪ Når føresette tek bilete under skulen sine arrangement, kan ikkje bileta publiserast.

MELDING MELLOM HEIM OG SKULE:
▪ Melding mellom heim og skule skal underskrivast av begge partar.
▪ Dersom ein elev møter uførebudd, skal heimen gje melding om dette.
▪ Ved sjukdom skal det leverast melding i meldingsbok når eleven er attende på skulen.
▪ Kontaktlæraren kan gje fri i inntil to dagar. Søknad om fri skal skrivast i ei
meldingsbok.
▪ Skulen ved rektor kan etter Friskoleloven § 3-13 gje fri eller permisjon i inntil to veker
(10 skuledagar). Søknaden skal då skrivast i eige brev til skulen. Foreldra er sjølve
ansvarlege for opplæringa i fråværsperioden.

TILTAK MOT BROT PÅ ORDENSREGLANE:

Brot på ordensreglane kan føra til følgjande tiltak alt etter kor alvorleg saka er:
▪ Munnleg irettesetjing.
▪ Munnleg melding til foreldre/føresette.
▪ Skriftleg melding til foreldre/føresette.
▪ Inndraging av gjenstandar som blir brukte på ein farleg og provoserande måte.
▪ Overføring til ei anna gruppe eller klasse. Foreldre/føresette skal informerast.
▪ Pålegg om oppgåver for å retta opp skade dei har påført skulen sin eigedom eller
eigedelar.
▪ Pålegg om å vera til stades på skulen før eller etter skuletid i samband med samtale
med lærar og/eller rektor; utføring av pålagte oppgåver.

Tiltaka som skulen set i verk mot brot på ordensreglane, skal ikkje innebera fysisk refsing
eller anna krenkjande behandling (jf. Friskulelova § 3-9, punkt 2).

ERSTATNINGSANSVAR:
Erstatningsansvar etter Skadeerstatningsloven §1-1 og §1-2.

Dette gjeld ved bevisst skadeverk på skulen sin eigedom og utstyr. Ved øydeleggingar på
eigedelar som tilhøyrer andre elevar eller tilsette – eller tap og øydeleggingar av skulen sitt
utstyr – kan eleven bli erstatningsansvarleg. Foreldre er erstatningsansvarlege med inntil kr.
5000,- for barn under 18 år.

BORTVISING:
Bortvising kan berre skje i tråd med Friskoleloven § 3-Ved bruk av vald og /eller truslar, særleg provoserande åtferd eller andre grove brot på
ordensreglementet, kan elevar visast bort frå undervisninga for enkelttimar og resten av
dagen. Dagleg leiar/rektor vedtek bortvisinga som enkeltvedtak i samsvar med § 2 i
Forvaltningslova etter først å ha rådført seg med eleven sine lærarar. Vedtaket kan påklagast
til fylkesmannen i Vestland fylke.
Før det blir gjort vedtak, skal ein ha vurdert å bruka andre hjelpe- og refsingstiltak. Eleven
skal få høve til å forklara seg munnleg for den som skal ta avgjerda. Eleven sin lærar kan
gjevast rett til til å visa bort eleven frå læraren si eiga undervisning. Bortvisinga gjeld for
inntil to klokketimar. Elevane sine foreldre/ føresette skal varslast før bortvisinga blir sett i
verk for resten av dagen.

Ved særskilte tilfelle (for eksempel sjukdom/diagnose) bør tiltaket ved regelbrot vera
diskutert i samarbeid med kontaktlæraren, eleven, dei føresette og den som er dagleg
leiar/rektor ved skulen.