Søkje skuleplass

Inntaksreglement for Fresvik EnSpire skule AS

Søknadsskjema for Fresvik EnSpire skule_

Innhald:
INNTAKSREGLAR FOR FRESVIK ENSPIRE SKULE AS 2
§ 1. OPPTAKSREGLEMENT 2
§ 2. ELEVINNTAK 2
§ 3. KUNNGJERINGAR 3
§ 4. GJENNOMGANG AV SØKNADENE I INNTAKSKOMITÈEN 3
§ 5. MELDING OM OPPTAK – FRISTAR 3
§ 6. PRIORITERT VENTELISTE 4
§ 7. KLAGE PÅ AVSLAG 4
§ 8. ENDRING AV INNTAKSREGLANE 4

Inntaksreglar for Fresvik EnSpire skule AS

§ 1. Opptaksreglement
Opptak av elevar til Fresvik EnSpire skule AS skal vera i samsvar med friskulelova,
forvaltningslova og dei reglane for opptak som styret har vedteke.

§ 2. Elevinntak
I tråd med friskulelova § 3-1 vil Fresvik EnSpire skule vera open for alle grunnskulelevar i
barneskulen så langt plassen tillet det.

Dagleg leiar og styret for friskulen avgjer kor mange elevar som kan takast inn for skuleåret
ut frå kapasiteten ved skulen. Dette blir gjort innanfor den elevtalsramma som skulen har
godkjenning for.

Dersom det er fleire søkjarar enn det er plass til, skal ein følgja inntaket etter følgjande
prioritering:

1. Barn som bur i Fresvik krins.
2. Barn med sysken ved skulen.
3. Barn frå andre skulekrinsar i Vik.
4. Dersom barn stiller likt etter det som kjem fram ovanfor, skal rekkjefølgja avgjerast
ved loddtrekning.

Søknad om opptak til skulen skjer på fastlagt skjema som er utarbeidd av skulen. På
søknadsskjemaet står også vilkåra for behandlinga av søknaden.

Elevar som alt har plass ved skulen, treng ikkje søkja om opptak kvart år, men må bekrefta at
noverande skuleplass står ved lag.

Oppseiing av elevplass må skje skriftleg med signatur frå føresette.

§ 3. Kunngjeringar
Innan 1. februar kvart år skal informasjonen om inntak for komande skuleår offentleggjerast i
pressa.

Kunngjeringa skal gje nødvendige opplysningar om søknadsfrist, kva for klassetrinn det kan
søkjast for og ei kort beskriving av dei kriteria som er omtalte i § 2 i Inntaksreglementet.

Søknadsfristen skal kvart år vera 1. mars, eller, dersom dette er ein helgedag, den første
kvardagen etter 1. mars.

§ 4. Gjennomgang av søknadene i Inntakskomitéen
Etter utløpet av søknadsfristen skal skulen sin Inntakskomité gjennomgå dei mottekne
søknadene, og dessutan føreta nødvendige undersøkingar og avklaringar som er omtalte i § 2.
Deretter skal det leggjast fram ei skriftleg tilråding om inntaket til styret. I tillegg skal det
legggjast fram forslag til prioritert venteliste (§ 6).
Inntakskomitéen skal vera samansett av til saman 3 medlemer. Styreleiaren og skulen sin
rektor skal vera faste medlemer. Dei andre medlemene skal veljast av og blant styret sine
medlemer. Styret tek endeleg avgjerd om inntaket.

§ 5. Melding om opptak – fristar.
Inntakskomitéen skal utarbeida ei skriftleg innstilling om elevinntaket. Rektor melder frå om
inntaket på bakgrunn av avgjerda i styret. Melding om inntak, eller plass på prioritert
venteliste, skal finna stad innan 6 veker etter utløpet av søknadsfristen, jfr. § 3. Brukarane har
ein frist på tre veker til å gje tilbakemelding om dei tek plassen. Søkjarar som ikkje får plass,
skal få beskjed så snart dette er føremålstenleg.

Styreleiaren melder frå til heimekommunen til dei elevane som har fått plass ved Fresvik En
Spire skule AS innan 1 veke etter endeleg avslutta opptak.

§ 6. Prioritert venteliste
Som eit ledd i arbeidet med elevinntaket ved skulen etter § 5, skal det også setjast opp ei
prioritert venteliste. Denne lista skal nyttast dersom ein eller fleire av elevane likevel ikkje
nyttar plassen ved skulen.

Dersom det i løpet av skuleåret blir ledig plass ved skulen, skal den prioriterte ventelista
nyttast.
§7. Klage på avslag
Det er høve til å klaga på skulen sitt vedtak om inntak, jfr. Friskulelova § 3-1 sjette ledd jfr.
forvaltningsloven § 2. Klage på opptak skal sendast til styret som kan gjera om vedtaket sitt.
Dersom vedtaket står ved lag, skal klagen sendast vidare til Fylkesmannen i Vestland.
Vedtak om inntak til friskulen er eit enkeltvedtak og kan etter forvaltningslova klagast på til
Fylkesmannen i Vestland. Endeleg klageinstans er Utdanningsdirektoratet.

§8. Endring av inntaksreglane.
Endring av inntaksreglane kan gjerast av styret for skulen i tråd med friskulelova,
forvaltningslova og skulen sine eigne vedtekter. Slike endringar må gjerast i rimeleg tid før
skulen sin søknadsfrist, og endringar kan ikkje gjerast så lenge inntaket pågår.

Søknadsskjema for Fresvik EnSpire skule_