Vedlegg til søknadsskjema (norsk)

 Foreldreinformasjon om Fresvik EnSpire skule

vedlegg til søknadsskjema for skuleåret 2020/2021

  • Fresvik EnSpire skule har fått godkjenning av Utdanningsdirektoratet til å driva friskule i Fresvik, 1. – 7. trinn – dersom skulebygningen som vi nå får leiga av Vik kommune blir godkjent, og at vi får tilsett  kvalifiserte lærarar.
  • Fresvik EnSpire skule skal vera ein skule for alle. Skulen er gratis, og det vil ikkje bli kravd foreldrebetaling. Skulen mottek statsstønad som i den offentlege skulen.
  • Læreplanen til EnSpire skulane er svært lik læreplanen for den offentlege skulen.

Elevane vil arbeida mot dei same faglege måla, ha dei same prøvane og dei same faglege vurderingane som i den offentlege skulen. Fresvik EnSpire skule vil leggja minst like mykje vekt på kjernefaga matematikk og norsk som den offentlege skulen.

  • Den største skilnaden er at læreplanen for EnSpire skulane legg endå meir vekt på læring gjennom praktisk/kreativ erfaring, der samhandling med lokalt nærings- og samfunnsliv vil vera viktig.
  • Det blir snarleg lyst ut lærarstillingar og rektorstilling. Dei som har rett på spesialundervising vil sjølvsagt få det. Dette vil skje i samarbeid med Vik kommune.
  • Sidan Fresvik EnSpire skule er ein friskule, må foreldra søka om plass ved skulen. Vi deler difor ut søknadsskjema til alle foreldre til elevar i skulepliktig alder til og med 7. klasse. Søknadsskjema vil også bli lagt på skulen si heimeside som snart blir tilgjengeleg. Søknadsfrist for foreldra er 6. mars. Styret gjev tilbod om plass innan 9. mars. Foreldra må svara JA eller NEI til plassen innan 30.mars. Vi vil om kort tid sende eigen informasjon til foreldra om justert budsjett for skuledrifta for 2-3 år framover
  • Alle elevar i Norge, både i offentleg skule og i friskular, er beskytta av Opplæringslova og andre lover. Det vil seia at dei har krav på dei same rettane. Difor blir det ført tilsyn med alle skular, både friskular og dei offentlege skulane.
  • Alle elevar har rett til å gå i offentleg skule, men sidan det ikkje lenger vil vera offentleg skule i Fresvik og elevane frå hausten må reisa til Feios, vil vi arbeida for at Fresvik EnSpire skule skal vera eit godt alternativ, og ein god og framtidsrette skule for elevane i Fresvik.

Har de spørsmål som de lurer på, ta kontakt med styreleiar Bjørg Fritsvold, tlf. 95848870      e-post: bfritsvo@gmail.com