Vedtekter

Vedtekter for Fresvik EnSpire skule AS

§ 1 Namn på føretaket
Namnet på selskapet er Fresvik EnSpire Skule AS. Selskapet er eit
aksjeselskap og skal ikkje registrerast i Verdipapirsentralen.

§ 2 Forretningsadresse
Selskapet sitt forretningskontor er i Vik kommune.

§ 3 Formål og verksemd
Selskapet si verksemd er:

Føremålet til selskapet er å driva privat grunnskule i Vik kommune.
Selskapet skal sørgja for at skulen blir drive etter godkjent læreplan i tråd
med Lov om frittståande skolar (friskolelova) og lov om grunnskolen og
den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Skulen skal ikkje ha
økonomisk verksemd som føremål og det skal ikkje delast ut utbytte til
aksjonærar.

Alle offentlege tilskot og skulepengar skal koma elevane til gode, jf
friskolelova § 2 – 2 fjerde ledd, andre pkt.

Blir selskapet nedlagt, skal bruk av attverande midlar følgje
Økonomiforskrifta til friskolelova (av 1. september 2018) kapittel 9. For
mykje utbetalt statstilskott skal betalast tilbake til Utdanningsdirektoratet
utan oppmoding. Dersom det står att midlar utover dette skal innbetalt
aksjekapital utbetalast til aksjonærane og pengegåver skal betalast
attende til gjevarane. Eventuelle attverande midlar utover dette skal
gjevast til eitt eller fleire lag og foreiningar i Fresvik.

§ 4 Aksjekapital i selskapet
Aksjekapitalen i selskapet er på NOK 362.000 fordelt på 362 aksjar,
kvar pålydande NOK 1000.

§ 5 Styret
Styret i selskapet skal ha 4 til 5 medlemar og 2 varamedlemar.
Funksjonstida til styret er 2 år, men generalforsamlinga kan etter nærare
avtalefesta reglar velja delar av styret for eitt år om gongen.

Styret har den øvste leiinga på skulen og vedtek skulen sitt budsjett og
rekneskap. Styret er ansvarleg for å driva skulen i samsvar med
friskolelova og tilhøyrande forskrifter. Dette ansvaret kan ikkje delegerast
vidare. Representantar som definert i § 5.1 i friskolelova har møterett og
uttalerett på styremøta.

§ 6 Vilkår for å vera aksjeeigar
Både privatpersonar og juridiske personar (selskap, foreiningar, lag med
organisasjonsnummer) kan vera aksjonærar. Aksjeeigarane kan
maksimalt eiga 30 aksjar kvar.

Dersom ein aksjeeigar ikkje lenger oppfyller desse krava, kan styret gje
aksjeeigaren ein frist på minst 3 månader for å retta opp forholdet.
Dersom aksjeeigaren ikkje har retta opp forholdet innan fristen, avhenda
aksjane eller reist søksmål for å få avgjort om krava er tilfredsstilt, gjeld
reglane om tvangssal i aksjelova § 4-17(2). Aksjeeigaren kan også
krevja aksjane innløyst av selskapet i tråd med aksjelova § 4-17(2).-(6).

§ 7 Overdraging av aksjar og korleis dei kan omsetjast.
Aksjane i selskapet kan overdragast. Ein aksjeervervar skal straks sende
melding til selskapet om sitt aksjeerverv. Erverv av aksjar er gyldig berre
etter samtykke frå selskapet. Det er styret si oppgåve å avgjera om det
skal gjevast samtykke. Samtykke kan nektast når det er sakleg grunn for
det. Styret kan ikkje nekta samtykke ved eigarskifte i samband med arv
eller på annan måte når ervervar er tidlegare eigar sin personleg
nærståande eller slektningar i rett opp- eller nedstigande linje. Styret kan
elles nekte samtykke dersom ervervar ikkje oppfyller krava i lova eller i
vedtektene for å vera aksjeeigar.

Dersom ervervar ikkje er underretta om at samtykke er nekta innan to
månader etter at meldinga om ervervet kom inn til selskapet vert det å
sjå som att samtykke er gitt. Dersom styret nektar å gje samtykke, gjeld
reglane i aksjelova § 4-17.

§ 8 Forkjøpsrett
Dersom styret ikkje gjev samtykke til aksjeoverdraging får selskapet
forkjøpsrett til desse aksjane og kan selja dei vidare. Dersom aksjeeigar
ynskjer å selja sine aksjar, men ikkje finn egna kjøpar til sine aksjar, kan
styret kjøpe aksjane for vidare sal. Løysingssummen skal betalast innan

ein månad etter at kravet om tvangssal er sett fram eller i tilfelle innan to
veker etter at tvist om innløysingssum er bindande avgjort.

§ 9 Pantsetting av aksjar
Aksjane i selskapet kan ikkje pantsetjast. Dette forhold hindrar ikkje
kreditor sitt høve til å søkje dekning i aksjen.

§ 10 Generalforsamling
Innkalling og dokument som skal handsamast på generalforsamlinga
skal sendast aksjonærane på mail (per post til dei som ikkje har mail)
seinast 14 dagar før generalforsamlinga. Den ordinære
generalforsamlinga skal avgjera:

1. Godkjenning av resultatrekneskap og balanse inkludert bruk av
årsoverskot eller dekning av årsunderskot, som lagt fram av styret i
selskapet.
2. Val av styremedlemar, varamedlemar og valnemnd.
3. Val av revisor.
4. Fastsetjing av eventuell godtgjersle til styret.
5. Andre saker som etter lov eller vedtekter skal opp i
generalforsamlinga.

Generalforsamlinga er vedtaksfør ved simpelt fleirtal blant dei frammøtte
på generalforsamlinga. Vedtektsendringar krev 2/3 fleirtal blant dei
frammøtte på generalforsamlinga. Styret kan kalla inn til ekstraordinær
generalforsamling ved behov. Aksjonærane kan påleggja styret å kalla
inn til ekstraordinær generalforsamling dersom 20% av aksjonærane
krev det.

§ 11 Andre forhold
For forhold som ikkje er nemnde i vedtektene er det aksjelova og
friskolelova som gjeld.